mandag 26. april 2010

Kvar finn du Isfolket?






Nei, denne gongen handlar det ikkje om Isfolkets dal. Denne gongen handlar det om Valdres Folkemuseum. Her vert Sol av Isfolket framført. Valdres Folkemuseum er eit friluftsmuseum, og det ligg på Fagernes i Valdres. Museet

vart stifta i 1901, og har om lag 100 bygningar og anlegg. Så det er eit av dei eldste og største, av friluftsmusea i Noreg.

Valdres Folkemuseum er som dei seier det sjølv ein "gamal møtestad for moderne menneske". Her kan ein tusle heile dagen, og oppleve meir enn Sol av Isfolket. Dei gamle husa med solveggar og blyglas. Ense svak lukt av tjøre og nyslått gras, sjå flotte utstillingar i det majestetiske nybygget, høyre levande folketonar og sjå gneistrande dans. Ete ein tallerken rømmegraut eller eit par fløytelappar.

Ein dag på Valdres Folkemuseum er absolutt å anbefale saman med opplevinga Sol av Isfolket.

http://valdresmusea.no/

Det er driftselskapet til Valdres Folkemuseum, Valdresmusea AS, som eig Sol av Isfolket. Spelet er ein viktig del av museumssumaren. Scena ligg heilt ned mot vatnet, med dei gamle husa rett bak. Betre arena finst ikkje. Her møter eventyret røynda, det gode møter det vonde, valdrisen møter magien, det gamle møter det nye og de møter Isfolket.

Kva er denne bloggen godt for?


Det er eit godt spørsmål i grunnen. Men det er nettopp alle spørsmåla denne bloggen skal handle om. Ikkje berre slik som - Kvar kjøper ein billettar? Sjølv om svaret der er billettservice.

Det er mange ting ein kan grunne over, når det kjem til Sol av Isfolket.
Kan ein ha på seg anorakk på framsyninga? Får ein høyre munnharpe? Kjem regissøren frå Valdres? - Ja, ja, nei.

Denne bloggen skal handle om alle spørsmåla, du ikkje har stilt om Sol av Isfolket. Men som du vert glad og inspirert for å få svaret på likevel. For denne bloggen skal handle om detaljane, det som skjer bak scena, framfor scena, det som skjer om vinteren og det som skjer om våren. For Isfolket kviler ikkje!

Dette er alle historiene om Sol av Isfolket. Om kostyma, utsikten frå kontoret, dei kvite blomane og om sauane som kom på vitjing under prøvene...

Historiene kjem frå meg, Marit Lajord. Eg er fyrst og fremst ein nostalgisk romantikar. Eg tuslar rundt omkring, med slagstøvlar, gjennom blomane - på leit etter vene tonar og gylne augneblink. Om sumaren tuslar eg på Valdres Folkemuseum, stiller spørsmåla, leiter etter historiane og lever med Sol av Isfolket!
Då finn eg både blomar, vene tonar og gylne augneblink!

Regissøren, han er forresten svensk. Leif Stinnerbom er ein anerkjent regissør, og har utvikla ein eigen teaterfilosofi med eit skandinavisk uttrykk. Han er til dageleg teatersjef ved Västanå Teater i Värmland.
http://www.vastanateater.se/_vastana/

Palmehelga var Leif i Valdres, for å førebu årets framsyning og halde audition. Utviklinga med årets framsyning kjem med dei nye skodespelarane og deira tolkingar, seier Leif. Han ser fram til sumaren i Valdres og Sol av Isfolket!

Kva er no Sol av Isfolket?






Sol av Isfolket, er eit friluftsteater, faktisk Noregs einaste og fyrste fantazy-teater! Stykket er basert på dei tre fyrste bøkene i Sagaen om Isfolket, av Margit Sandemo og hadde premiere i 2008.

Dette er soga om Sol Angelica, om hennar dramatiske liv - om trolldom, djup kjærleik, om varme og om mørke.

"Eg dansar, Hanna, dansar dansen din
For ser du, Hanna, ser du månen skin"

Isfolket var til for lenge, lenge sida og det lever åleine. Tengel den vonde selde sjela si for jordisk vinning, men kvart ætteledd skulle bera fram eit barn med trolldomsmakt.
Den ein gong trygge og løynde dalen til Isfolket, er ikkje lenger det. Inkvisjonen kjem, med heksebål og vondskap.
Det er og ein god Tengel, fosterfar til Sol. Han er fødd med trolldomskreftene, men bruker dei vel - lækjar dei sjuke, kjempar mot det vonde, og han vil vera eit godt førebilete for Sol.

Sol kjempar for familien sin, for Tengel og kona hans Silje, for Liv og Dag. Ho kjempar mot uretten, og retten til å vera seg sjølv.
Sol Angelica er på reise, mot mørke krefter og mot Bloksberg.
Sol Angelica er i livet. Ho søkjer kjærleiken - ikkje den tamme jordiske kjærleiken, men den ville mørke, den berre ein mann kan gje henne: Mørekts fyrste.

"På sabbatsnatta vil eg danse, Hanna
Og meisteren skal kysse meg på panna"


I Sol av Isfolket, får vi fylgje med på den magiske reisa.

Spelet har hausta strålande kritikkar, både i 2008 og i 2009.


Medverkande:

Heidi Ruud Ellingsen
Svein Harry Schöttker Hauge
Frode Winther
Cato Skimten Storengen
Kristine Mari Hansen
Ellen Birgitte Winther

Regi:
Leif Stinnerbom

Framsyningar:
15. juli kl. 20.00 - Premiere
16. juli kl. 22.00 - NATTFRAMSYNING
17. juli kl. 20.00
18. juli kl. 20.00
21. juli kl. 20.00
22. juli kl. 22.00 - NATTFRAMSYNING
23. juli kl. 20.00
24. juli kl. 20.00


Meir info:

www.isfolket.no