Sol av Isfolket

tirsdag 1. juni 2010

Den lange natta



Høyr Sol, gløym aldri det vi snakka om. Ein gong i måneskin ei torsdagsnatt. Ved Brösarps Backar vil du finne dei...
Kanskje er det slik, at om dagane eksisterar vi, om nettene då lever vi. Det handlar om dei vakre nettene, fulle av magi, djupe kjensler, løynde element - skummelt og vent...
Nettene i Valdres, dei er blå og dei er vakre... Møter du Sol Angelica då, gløymer du det aldri. Kanskje lyt du ha med deg ulljakka di, for sumarnettane er lunefulle...

søndag 30. mai 2010

Morgonane er i mai



Sol Angelica har brukt mykje tid i skogen... Ho likar seg best når ho er ute og trollar i skogen. Vi trollar ikkje, men livet er under bjørketrea i mai!



torsdag 27. mai 2010

onsdag 26. mai 2010

Springar over golvet...




Vi bad han spela springar og nordavind og ver. Skreiv ein annan kunstnarsjel på nynorsk, nemleg Tor Jonsson.



Dansen i Sol av Isfolket har mellom anna element frå Valdresspringaren. Dette er ein av fleire springarvariantar. Slike er det med folkedansar, ulike geografiske område har kvar sin. Det er mange ting ein kan si om springaren, at det er fint å trø over knirkande tregolv, at dei konkurrerar i slik på kappleik og at takta er nesten umogeleg...




I pinsa har Isfolket dansa springar. Instruktøren Ivar Hemsing er ein meister på område. Han meiner alle, og isfolk, kan læra seg dansen. Det handlar om innsats, seier han.




Vakre dansesteg møter du i alle fall 15. - 24. august!

onsdag 19. mai 2010

Mange isfolk


Det er mange isfolk, og det er mange andre slags folk i spelet vårt - prestar, valdrisar, knektar, trollmenn, heksejegarar, ville og snille, gode og onde...

Men Sol av Isfolket er mange fleir enn dei som står på scena, det er ein bataljon med frivillige, det er lydfolk, lysfolk, museumsfolk og sponsorar.

Vi hadde aldri klart oss utan ei framifrå sponsorane våre, den siste i rekkjar er Sparebank 1. Banken har vorte ein viktig samarbeidspartner for oss, dei støttar oss med 100 000 no i 2010, og så i åra framover.


Nils Rogn skreiv om gladsaka på Valdres. no for litt sidan. Nettstaden er ein favoritt, med mengde av inspirasjon - til ting å sanse, ting å gjera, ting å oppleve.



tirsdag 11. mai 2010

Tonane


Kanskje er det nett tonane, som fylgjer deg på veg ut frå spelet vårt. Slik var det i alle fall for meg, fyrste gongen eg tusla ut frå amfiet for tre år sidan.
For musikken er ein av dei viktigaste elementa, i Sol av Isfolket. Den har fått mykje ros i media, og har gått til hjartet hjå publikum.
Marit Karlberg har komponert musikken. Med seg har ho Jan Beitohaugen Granli, Rune Glimsdal, Eilif Gundersen og Stein Villa. Tonane bygger på element frå folkemusikken. Du får høyre kveding, fele, hardingfele, fløyte, bukkehorn og lyre, for å nemne nokre. Musikarane, dei gleder seg til sumaren. I fylgje Jan har dei det hektisk, morosamt, og er i litt kafferus. - Trivelige og flinke er dei i alle fall!

Og ja, musikken frå Sol av Isfolket kan du få på hjernen...
Kanskje handlar det om å sanse. Tonane dreg deg av garde, mot enger av lindeblomar, mot sterke krefter, mot venleik og kanskje mot Bloksberg.

mandag 26. april 2010

Kvar finn du Isfolket?






Nei, denne gongen handlar det ikkje om Isfolkets dal. Denne gongen handlar det om Valdres Folkemuseum. Her vert Sol av Isfolket framført. Valdres Folkemuseum er eit friluftsmuseum, og det ligg på Fagernes i Valdres. Museet

vart stifta i 1901, og har om lag 100 bygningar og anlegg. Så det er eit av dei eldste og største, av friluftsmusea i Noreg.

Valdres Folkemuseum er som dei seier det sjølv ein "gamal møtestad for moderne menneske". Her kan ein tusle heile dagen, og oppleve meir enn Sol av Isfolket. Dei gamle husa med solveggar og blyglas. Ense svak lukt av tjøre og nyslått gras, sjå flotte utstillingar i det majestetiske nybygget, høyre levande folketonar og sjå gneistrande dans. Ete ein tallerken rømmegraut eller eit par fløytelappar.

Ein dag på Valdres Folkemuseum er absolutt å anbefale saman med opplevinga Sol av Isfolket.

http://valdresmusea.no/

Det er driftselskapet til Valdres Folkemuseum, Valdresmusea AS, som eig Sol av Isfolket. Spelet er ein viktig del av museumssumaren. Scena ligg heilt ned mot vatnet, med dei gamle husa rett bak. Betre arena finst ikkje. Her møter eventyret røynda, det gode møter det vonde, valdrisen møter magien, det gamle møter det nye og de møter Isfolket.