tirsdag 11. mai 2010

Tonane


Kanskje er det nett tonane, som fylgjer deg på veg ut frå spelet vårt. Slik var det i alle fall for meg, fyrste gongen eg tusla ut frå amfiet for tre år sidan.
For musikken er ein av dei viktigaste elementa, i Sol av Isfolket. Den har fått mykje ros i media, og har gått til hjartet hjå publikum.
Marit Karlberg har komponert musikken. Med seg har ho Jan Beitohaugen Granli, Rune Glimsdal, Eilif Gundersen og Stein Villa. Tonane bygger på element frå folkemusikken. Du får høyre kveding, fele, hardingfele, fløyte, bukkehorn og lyre, for å nemne nokre. Musikarane, dei gleder seg til sumaren. I fylgje Jan har dei det hektisk, morosamt, og er i litt kafferus. - Trivelige og flinke er dei i alle fall!

Og ja, musikken frå Sol av Isfolket kan du få på hjernen...
Kanskje handlar det om å sanse. Tonane dreg deg av garde, mot enger av lindeblomar, mot sterke krefter, mot venleik og kanskje mot Bloksberg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar